Foto: Privat

Foto: Privat

Aktivitetsdag og «selfie» konkurranse

Torsdag 24. august hadde elevane ved Årdal vidaregåande skule aktivitetsdag.

Dagen starta med felles lunsj utanfor Årdalshallen. Derretter gjekk alle elevane til Ytremoa. Der fekk dei i oppgåve å samle klassen for eit «klasseselfie». Alle bilda vart levert inn til ein jury som kåra det beste bildet. Mange kreative og flotte bilder vart sendt inn, men til slutt var det klasse 1SEA som stakk av med seieren. Premie til vinnarbildet var pizza til heile klassen.

Når elevane var tilbake ved Årdalshallen var det mange andre aktivitetar. Fotball, badminton og volleyball var populære aktivitetar. Klasse 2STA stod for kiosk og grilling ved kunstgrasbana.

Aktivitetsdagen blir arrangert kvart år rett etter skulestart. Ein god anledning til å bli godt kjent med nye elevar og lærarar.

Under kan du sjå klassane sine bilder:

Foto: Privat

 

 

 

 

 

Foto: Privat

Foto: Privat

Tips ein ven Skriv ut