Foto: Anita L. Øvstetun

Årets balldag var ein suksess

I år som alle andre år vart det arrangert balldag for elevar og lærarar på Årdal vidaregåande skule. 

I løpet av dagen skulle ulike lag frå ulike klasser gjennom både fotball, bandy og volleyball. Lærlingar er også med denne dagen. Det er ingenting å seia på konkurranseinnstinktet til verken elevar, lærlingar eller lærarar. Mange var revansjesugne etter balldagen i fjor, medan andre ville forsvara titlane frå fjorårets balldag.  

Dagen starta med fotball. Mange spennande og jamne kampar. Til slutt sto me igjen med ein skikkeleg brødreduell i sjølvaste finalen. Ingen hadde planar om å tapa. 3STA mot 2STA, Nicolai mot Stian, storebror mot vetlebror. Ein spennande finale med duellar og taklingar som er ein finale verdig. Etter ordinær tid stod det 1-1, og alt skulle avgjerast frå straffemerket. Til slutt var det 2STA og vetlebror Stian som trakk det lengste strået, og kunne kalla seg vinnarar av balldagen for 2.året på rad.  

På jentesida var det også mange spennande kampar. Finalen gjekk mellom 3STA og 2SSA . Ein spennande finale der 3STA viste at dei også kan briljera på fotballbana, og sikra 3STA vertfall ein av gullmedaljane frå fotballfinalane. 

Så var det duka for bandy og volleyball.  Her viste også elevar og lærarar at dei er med for å vinna. Mange jamn spelte kampar og kjempe god innsats. På jentesida i bandy viste 2STA at dei verkeleg gjekk «all inn» for å vinna. Dei storspelte i dei fleste kampar, og tok ein flott seier i finalen. På herresida i bandy var det lærar laget som trakk det lengste strået. Dei fleste kampar på herresida var jamne og ein kunne vertfall ikkje klaga på innsatsen. I finalen var det lærarane mot 2STA.  

Volleyballen var også like spennande som fotball og bandy. På herresida var det mange gode kampar og ein godt spelt finale. Det var til slutt klasse 2STA som stakk av med sigeren, og dei sikra dagens tredje gullmedalje for klasse 2STA.  

På jentesida på volleyball gjekk lærarlaget inn for å forsvara tittelen frå fjorårets balldag. Dette klarte dei med glans. Seier i alle kampar førte til finale. Finalen starta jamt og var jamn heilt til dei siste minuttane. Eit lite forsprang på slutten haldt akkurat til at lærarane for 2.året på rad kunne juble over seier i volleyball finalen. 

Ei godt gjennomført balldag, der 1STA stod som arrangørar ilag med lærarkomiteen. Dei har gjort ein kjempe jobb med sekretariatet, organisering og kiosksal.  Det var også individuelle konkurransar som ein kunne prøve seg innimellom kampane. Triksekonkurranse, rockering, flest armehevingar, melkespannholding og quiz var nokre av det elevar og lærarar kunne utfordre seg sjølv i denne dagen.  

Når balldagen blir arrangert er det eit teikn på at juleferien er nær, og at elevane endeleg får seg ein velfortent pause. Ein avslutning i kantina på skulen er det som gjenstår før alle elevar, lærarar og tilsette kan senka skuldrane og la jula koma.  

 

Me på Årdal vidaregåande skule ønskjer alle elevar og lærarar ei riktig god jul og eit riktig godt nytt år!

Tips ein ven Skriv ut