2 TPA til Tallinn
Etter eitt år med førebuing og søknadsprosedyrar, har skulen no fått midlar til å utveksle elevar med ein skule i Tallinn. I denne omgang blir det 2. klasse innan mekaniske fag, Produksjon og industriteknikk, som får høve til å tilbringe 2 veker ved Tallinn Industrial Education Centre.
Klasse 2TPA Produksjon og industriteknikk til Tallinn.
 
Eit ganske nytt program som kallast Nordplus, er eit program som utvekslar elevar mellom dei nordiske og dei baltiske landa. Etter lang førebuing og kontakt med skulen i Tallinn bestemte vi oss for å søke midlar gjennom dette programmet. Søknad vart sendt innan fristen i mars 2008. So var det berre å vente på svar frå hovudkontoret i Stockholm. Men svaret let vente på seg. Programmet var ein del forseinka. Men i midten av september fekk vi endeleg svar og det var positivt. Søknaden var innvilga og no er pengane på veg til skulen.
Då står det att å planlegge reise, overnatting og tidspunkt for reise til Tallinn. Dette må sjølvsagt samordnast med skulen i Tallinn. Mest sansynleg blir dette i april månad 2009. Her vil elevane få kvar sin ”fadder” frå skulen i Tallinn. Det vil seie at ein elev frå vår skule får ein elev frå skulen i Tallinn å forholde seg til. I ettertid skal elevane frå Tallinn besøke vår skule og vere her i 2 veker.
Både lærarar og elevar ser fram til dette spanande prosjektet. Her får dei lære ein anna kultur og eit anna utdanningssystem. Prosjektet går ut på å samanlikne våre ulike utdanningssystem og kanskje lære litt frå begge land.
Me vil også takke Roger Kløvtveit, som er fylket sin internasjonale koordinator, for god hjelp med søknadsprosedyren.


Tallin
Elevar til Tallinn
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software