Studiespesialisering
Har du tenkt å ta høgre utdanning ? Vil du bli politi, sjukepleiar, advokat, lærar, lege, ingeniør, journalist, prest eller fysioterapeut ? Dette er nokre få av mange moglegheiter om du vel studiespesialisering.

 

 

 

Dei studiespesialiserande programområda er først og fremst berekna på deg som ynskjer høgre utdanning etter vidaregåande. Etter å ha fullført tre år hjå oss har du eit solid grunnlag for å studera vidare på høgskular og universitet både i inn- og utland.

 
Studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande tilbyr programområda  realfag, språk, samfunn og økonomi. Me gjev deg eit godt og triveleg læringsmiljø som førebur deg til vidare studium.
 
  1. Språk, samfunnsfag og økonomi

Dette programområdet gjev deg ein brei innføring i språk,-samfunns – og økonomifag. Elevar som vel dette programmet , vil få eit godt utgangspunkt for seinare studium innan desse faga og gode jobbalternativ.

 

Språk opnar dører. Når ein lærer andre språk, får vi høve til å komma i kontakt med andre menneske og kulturar. I dag jobbar flest i tenestesektoren, og mange av desse jobbar t.d med økonomi, leiing, jus, kommunikasjon, sal, marknadsføring, eigedomsmekling, rekneskap, media, informasjon.
 
Fag innanfor programområdet språk, samfunnsfag og økonomi:
 
  • Tysk
  • Engelsk
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Sosial kunnskap
  • Rettslære
  • Samfunnsøkonomi
  • Medie- og informasjonskunnskap
  • Marknadsføring og leiing
 
 
 
  1. Realfag
 
Nokre studium krev spesiell studiekompetanse. Dette gjeld blant anna utdanning til ingeniør, tannlege, veterinær, lege og studium innan realfag. For å få spesiell studiekompetanse lyt du ha matematikk pluss andre fag innan programområdet realfag.
 
 
Fag innanfor programområdet realfag:
 
  • Matematikk
  • Kjemi
  • Fysikk
  • Informasjonsteknologi
  • Biologi
 
 
 
Fag og timefordeling
 

Fag
VG 1
VG 2
VG 3
Totalt
Norsk
4
4
6
14
Matematikk
5
3
 
8
Naturfag
5
 
 
5
Engelsk
5
 
 
5
Tysk
4
4
 
8
Samfunnsfag
3
 
 
3
Geografi
2
 
 
2
Historie
 
2
4
6
Kroppsøving
2
2
2
6
Relgion og etikk
 
 
3
3
Sum fellesfag
30
15
15
60
Felles valfrie programfag
 
15
15
30
Sum
30
30
30
90

 


Studieførebuande
undefined

Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software