Har du tenkt å ta høgre utdanning ?
Vil du bli politi, sjukepleiar, advokat, lærar, lege, ingeniør, journalist, prest eller fysioterapeut ?
Dette er nokre få av mange moglegheiter om du vel studiespesialisering.
Dei studiespesialiserande programområda er først og fremst berekna på deg som ynskjer høgre utdanning etter vidaregåande. Etter å ha fullført tre år hjå oss har du eit solid grunnlag for å studera vidare på høgskular og universitet både i inn- og utland.
Studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande tilbyr programområda realfag, språk, samfunn og økonomi. Me gjev deg eit godt og triveleg læringsmiljø som førebur deg til vidare studium.
- Språk, samfunnsfag og økonomi
Dette programområdet gjev deg ein brei innføring i språk,-samfunns – og økonomifag. Elevar som vel dette programmet , vil få eit godt utgangspunkt for seinare studium innan desse faga og gode jobbalternativ.
Språk opnar dører. Når ein lærer andre språk, får vi høve til å komma i kontakt med andre menneske og kulturar. I dag jobbar flest i tenestesektoren, og mange av desse jobbar t.d med økonomi, leiing, jus, kommunikasjon, sal, marknadsføring, eigedomsmekling, rekneskap, media, informasjon.
Fag innanfor programområdet språk, samfunnsfag og økonomi:
- Tysk
- Engelsk
- Sosiologi og sosialantropologi
- Sosial kunnskap
- Rettslære
- Samfunnsøkonomi
- Medie- og informasjonskunnskap
- Marknadsføring og leiing
- Realfag
Nokre studium krev spesiell studiekompetanse. Dette gjeld blant anna utdanning til ingeniør, tannlege, veterinær, lege og studium innan realfag. For å få spesiell studiekompetanse lyt du ha matematikk pluss andre fag innan programområdet realfag.
Fag innanfor programområdet realfag:
- Matematikk
- Kjemi
- Fysikk
- Informasjonsteknologi
- Biologi
Fag og timefordeling
|
Fag
|
VG 1
|
VG 2
|
VG 3
|
Totalt
|
|
Norsk
|
4
|
4
|
6
|
14
|
|
Matematikk
|
5
|
3
|
|
8
|
|
Naturfag
|
5
|
|
|
5
|
|
Engelsk
|
5
|
|
|
5
|
|
Tysk
|
4
|
4
|
|
8
|
|
Samfunnsfag
|
3
|
|
|
3
|
|
Geografi
|
2
|
|
|
2
|
|
Historie
|
|
2
|
4
|
6
|
|
Kroppsøving
|
2
|
2
|
2
|
6
|
|
Relgion og etikk
|
|
|
3
|
3
|
|
Sum fellesfag
|
30
|
15
|
15
|
60
|
|
Felles valfrie programfag
|
|
15
|
15
|
30
|
|
Sum
|
30
|
30
|
30
|
90
|