Helse og Sosialfag
Likar du å arbeide med menneske og kan tenkje deg å bli:
· Helsefagarbeidar (finst ved Årdal vidaregåande skule)
· Barne- og ungdomsarbeidar
· Hudpleiar
· Fotterapeut
· Helsesekretær
· Tannhelsesekretær
· Ortopediteknikar
· Apotekteknikar
· Ambulansesjåfør
Du som vel helse- og sosialfag, bryr deg om og tek omsyn til andre menneske. Du likar å kommunisere, og lærer å samhandla med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.
På Vg 1 er fellesfaga norsk, engelsk, naturfag, matematikk og kroppsøving. Programfaga er kommunikasjon og samhandling, helsefremjande arbeid, yrkesutøving og prosjekt til fordjuping. I prosjekt til fordjuping får ein innblikk i dei ulike yrka ein kan velja å gå vidare i, og høve til å hospitera ved ulike arbeidsplassar.
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der utvikling av eigne haldningar, kunnskapar om sjukdommar, helsefremjande arbeid, arbeidsmiljø og kulturskilnader står sentralt.
Utdanningsprogrammet for å bli helsefagarbeidar gjev svært relevant basiskunnskap også i høve vidare studium ved høgskule. Ein får grunnleggjande kunnskapar i blant anna anatomi, fysiologi, psykologi,
kostlære, hygiene, sjukepleie, helsefremjande arbeid og yrkesetikk. Med allmennfagleg påbygging er ein godt rusta til å studera vidare til sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog og andre retningar innan humanistiske fag.
På Vg 2 helsearbeidarfag er fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag, kroppsøving og prosjekt til fordjuping. (praksisutplassering). Programfaga er helsefag, yrkesutøving og kommunikasjon.
I undervisninga både på Vg 1 og Vg 2 vert klinikkrommet mykje nytta. Skulen er godt utstyrt med materiell og moderne hjelpemiddel til å driva praktiske øvingsoppgåver og sjukepleie.
Elevane har gode høve til praktisk trening ved å hospitera fleire periodar ved institusjonane i Årdal eller nabobygdene, t.d. gjennom utplassering i sjukeheim, verna bustad, heimesjukepleie og sjukehus. Det er godt samarbeid med kommunen sine praksisrettleiarar, og du får god oppfølging frå skulen medan du er i praksis.
Etter gjennomført eksamen på Vg 2 kan du søkja lærlingplass, og gå opp til fagprøve som helsefagarbeidar etter to år. Årdal Kommune har lagt godt til rette for lærlingar. Det er stort behov for helsefagarbeidarar i arbeidslivet, så utsiktene til å komma raskt i jobb er gode.
Godt kvalifiserte lærarar ved helse- og sosialfag i Årdal ynskjer deg velkomen til ei spanande og nyttig yrkesutdanning !