Torsdag, 25. september reiste ein liten gjeng frå 2STA og 3STA til Trondheim.
Med oss på turen hadde me dei koselege lærarane Vidar Øygarden og Steinar Røyrvik. Fredags morgon reiste me opp på NTNU. Me fekk eit eige opplegg om dagen der me blant anna fekk sjå korleis ein matteforelesing føregjekk, og korleis det var å gå på skulen. Om kvelden var det eit flott opplegg med ulike stands der ein til dømes kunne fjerne ein hjernesvulst. Der var også mange morosame førelesingar.
-Knallforelesingen til Trygve Foosnæs var overraskande morosam, seier Mathilde Alme. Denne førelesinga gjekk ut på at Trygve Foosnæs eksperimenterte med ulike stoff. Det vart mange eksplosjonar, så førelesinga stod til forventningane. Heile kvelden vart avslutta med eit fantastisk fyrverkeri. Alt i alt var dette ein særs fin tur, og me sit at med eit positivt inntrykk av NTNU. Til slutt vil me spesielt takka Hydro som sponsa denne turen!
Tekst: Birgitte Borlaug
Foto: Emilie Kjos