1TIP Utplassering
23 elevar ute i arbeidslivet, 4 av oss var utplassert ved Årdal Stålindustri.
Bakgrunnen for at me skulle på utplassering ved Årdal Stålindustri var at me innan faget prosjekt til fordjuping, skulle få prøva oss i det verkelige arbeidslivet. Me skulle få meir innsikt i korleis ei bedrift fungerar, samt få innsikt i korleis ein leiar og ein tilsett arbeidar saman. Me sjølve skulle få prøve oss som mekanikarar, der me utføre kvardagsoppgåver i ei bedrift. Me skulle læra oss korleis det verkelig er å jobbe etter arbeidsordrar som er utarbeida av bedrifta, der me fekk prøva oss på diverse mekaniske arbeid.
 
Me hadde ganske store forventningar til Årdal Stålindustri, der me skulle få prøve oss som mekanikarar, samt sjå korleis folk handterte diverse oppgåver. Me hadde hørt at Årdal Stålindustri var ein av dei mest utfordrande bedriftene å arbeide i, spanande arbeidsoppgåver og høgt arbeidstempo. Seinare fant me ut at det var sant. Me håpte att me ikkje fekk berre dårlege jobbar, der me måtta gå rundt og rydda og gjera kjedelege oppgåver som ingen andre ville ha, det fekk me heller ikkje. Det var og særs godt og komma oss vekk frå skulen og prøva oss på oppgåver som dei jobbar med i ei bedrift. Me skulle få prøva oss som både plate- og sveisarbeidar, mekanikar, samt lesa arbeidsteikningar.
 
Alt i alt har det vore ei bra oppleving som me har tent masse på fagmessig, både teoretisk og praktisk. Me har fått god innsikt i korleis ei bedrift fungerar og eit særs godt inntrykk av Årdal Stålindustri. Me kjem gjerne attende.
 
Skribent Gaute Bukkøy & Bjørn Andrè Hylland


Rodolfo‚ Bjørn Andre‚ Robin og Gaute.
Produksjonsleiar Kjell Tore Bakketun i dialog med faglærar Petter Løvdahl
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software