Generelt:
I Kunnskapsløftet er det to læreplanar i matematikk. Det er eit teoretisk kurs T og eit praktisk kurs P. T- kurset er for dei som skal/må ha meir matematikk på grunn av at ein vel realfag/naturvitskapleg studium. Det kan og bli krav om T-kurset for dei som skal ta bestemte økonomisk studium. P- kurset er for dei som veit at ein ikkje har bruk for meir matematikk seinare enn det som er obligatorisk. Kursa er svært ulike, slik at det er vanskeleg å byte frå det eine til det andre i løpet av skuleåret.
På studieførebuande utdanningsprogram skal elevane ha 5 veketimar med matematikk 1. året og 3 timar 2. året.. For elevar på yrkesførebuande utdanningsprogram er det obligatorisk med 3 timar matematikk 1. året.
Det er viktig at ein vel rett kurs når ein tek til på vidaregåande skule. Dei som er i tvil om kva ein skal velja, bør ta kontakt med rådgjevar og / eller faglærar før eller ved skulestart. Elevar som klarar seg bra i matematikk, bør velja T- kurset, slik at ein ikkje utelet ein del val som ein må eller vil gjera seinare.
Informasjon om matematikk på dei ulike utdanningsprogramma:
På helse - og sosialfag og service og samferdsle er læreplanmåla i P- varianten godt tilpassa behovet for matematikk-kunnskapar i dei respektive programfaga. Skulen tilbyr difor opplæring etter læreplanmåla i P-kurset.
I utdanningsprogrammet elektrofag må/bør alle velja T- kurset. Dersom det er elevar som skal byrja på elektrofag og har vanskar med matematikkfaget, vil skulen leggja til rette for opplæring etter P-kurset.
For elevar som skal byrja på teknikk og industriell produksjon legg skulen til rette for begge matematikkvariantane. Elevane vel eitt av kursa ved skulestart.
For utdanningsprogramma elektrofag og teknikk og industriell produksjon er lærebøkene skrivne etter læreplanmåla i T-kurset, men vi har og teke med lærebøker for P- varianten. Elevane skal berre ha ei av bøkene. Dei som er i tvil, ventar med å kjøpa bok til etter skulestart.
På studieførebuande utdanningsprogram vel elevane 1T- eller 1P- varianten fyrste året og held fram med 2T respektivt 2P andre året. Skulen tilbyr begge variantane . Det er viktig at elevane vel rett i forhold til krav i vidare studium.
Det er 2 lærebøker til kvar variant, ei Sinus- og ei Cosinus- bok.
Skulen har valt å bruka lærebøker i matematikk frå Cappelen forlag. Dei har lagt ut ein del informasjon og nokre kapittel frå lærebøkene på heimesida si, cappelen .no.
Mvh Øvre Årdal, juli 2006
Geir Kjetil Øvstetun
Rektor