Årdal vidaregåande skule vart starta i 1965 da det kom i gang ein kommunal handelsskule med 2 klassar. Dei heldt til i gamle Farnes skule i Øvre Årdal.
Hausten -67 kom to andre opplæringstilbod til Årdal: elementærlina i husstell, som filialklasse under Hafslo, og kombinert klasse i engelsk- og realfag, filial under Sogndal Gymnas. Desse opplæringstilboda var spreidde i Øvre Årdal. Husstellina vart lagd administrativt under handelsskulen i -78, samtidig som gymnaset vart eigen skule med eigen rektor.
Desse to skulane vart slegne saman i 1980, og i 1981 kunne dei flytta inn i eit moderne og funksjonelt skulebygg i Øvre Årdal. Kostnadene var om lag 30 mill. kroner All undervisning vart no samla under eitt tak, bortsett frå kjøkenleksjonar. Ein hadde no allmennfag, handverk- og industrifag og husstell. I 1995 vart Lærdal vidaregåande skule, tidlegare Hjelpepleiar -skulen i Lærdal, som vart starta i 1963, ein del av Årdal vidaregåande skule.
Skulen har endra seg mange gonger etter oppstarten. Nye opplæringstilbod har kome til, og andre har vorte borte. Skulen er i stadig endring, slik ein moderne skule må vera om ein skal stetta krava i arbeidsmarknaden.