Her finn du informasjon om tilbodsstrukturen for programområdet for service og samferdsel
Utdanningsprogrammet for service og samferdsle gjev ei brei opplæring retta mot yrke som er knytt til tenesteyting i vid forstand. Tenesteytande næringar finn du mellom anna innanfor varehandel, kontor, reiseliv, IKT-service og samferdsle. I utdanningsprogrammet vert det lagt vekt på evne til samarbeid og problemløysing, og til det å utvikle ferdigheiter i kundehandsaming og kommunikasjon.
Likar du å ha kontakt med andre menneske og hjelpe til med å løyse ulike problemstillingar for dei? Ynskjer du ein jobb som er utfordrande og variert der fokus er å yte god service? Då vil truleg eit yrke i tenesteytande næringar vere noko for deg.
Årdal vidaregåande skule har tilbod om VG 1 Service og Samferdsle. Dette er eit felles ”grunnkurs” for alle elevar som ynskjer å utdanne seg som servicearbeidarar.
Etter fullført grunnkurs kan du ved Årdal vidaregåande skule velje programråde for Sal, Service og Tryggleik.
Etter 2 år på skule vil du vere kvalifisert til å teikne lærekontrakt innan Salsfaget (Salsmedarbeidar), Kontor- og adm.faget ( kontor og adm. medarbeidar) og Tryggleiksfaget ( vektar ).
Kva lærer du i dette programområdet?
På VG 1 har du 3 ulike programfag:
v Planlegging
o I dette faget lærer du mellom anna noko om kva som skal til for å starte eiga bedrift
v Kommunikasjon og service
o Du lærer også noko om korleis du skal oppføre deg overfor kundar og kva som er viktig å tenke på ved gjennomføring av eit sal
v Drift og oppfølging
o I dette faget lærer du om forholdet mellom utgifter og inntekter, og du får ei innføring i andre oppgåver som vert utførte i ei bedrift
§ (rekneskap, kontoradministrasjon, tryggleik og miljø)
På VG 2 har du også 3 programfag:
v Marknadsføring og sal
o Her skal ein mellom anna lære seg å gjennomføre salsprosessar, tilpasse varer og tenester etter behov og forstå ulike forhold som er med på å påverke etterspurnad etter varer og tenester
v Økonomi og administrasjon
o Her skal ein mellom anna lære seg om økonomistyring, der berekning av prisar på varer og tenester, budsjettering, vurdering av lønsemd, føring av rekneskap og det å gjennomføre økonomiske analysar som grunnlag for avgjerder, er sentrale tema. I tillegg lærer du om ulike personaladministrative oppgåver
v Tryggleik
o I dette faget lærer ein seg å planlegge, administrere og organisere tryggleiksarbeidet for å førebygge eller minske risikoen for uønskte hendingar.
Du har også fellesfag som norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Opplæring i bedrift
Årdal vidaregåande skule legg stor vekt på praktisk læring. Du vil difor få lære om ulike særtrekk ved dei ulike næringane gjennom tilbod om utplassering i tenesteytande verksemder knytte til lokalt næringsliv. Elevar med bustad i andre kommunar, vil så langt det er mogleg få tilbod om denne opplæringa lokalt.
På Vg1 får du i faget prosjekt til fordjuping tilbod om 2 veker utplassering, fordelt på ei veke i 1. termin og ei veke i 2. termin. På Vg2 får du tilbod om utplassering ein dag pr. veke i om lag 20 veker. Dette gjev deg eit godt grunnlag for å lære om kva som er viktige eigenskapar for å arbeide i serviceyrka. Det vil også kunne gje deg eit godt grunnlag for å vurdere ein yrkeskarriere innanfor fag knytt til serviceyrka.