Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) vil starte opp skuleleiarutdanning retta inn mot tilsette i vidaregåande skule. Studiet er eit av rekrutteringstiltaka våre.
Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) vil starte opp skuleleiarutdanning retta inn mot tilsette i vidaregåande skule. Studiet er eit av rekrutteringstiltaka våre.
Studiet er sett saman av fleire grunnmodular (til saman 60 studiepoeng). Basert på desse grunnmodulane kan ein arbeide vidare og ta mastergrad i utdanningsleiing ved HSF.
Studiet startar opp hausten 2010 med ein modul på 15 studiepoeng. Gjennom skuleåret 2010/2011 vert det 9 samlingsdagar, med mellomliggande arbeid.
Frå hausten 2011 vil deltakarane kunne halde fram med fleire påbyggingsmodular
a 15 studiepoeng, i alt 60 studiepoeng.
Tal studieplassar: 15-20
Hovudtema i den fyrste studiemodulen:
“Leiing av pedagogisk verksemd” (15 studiepoeng)
- Kvalitetsutvikling i skulen (resultatoppfølging, leiing av eksterne endringsprosessar
Teambygging (skulen som lærande organisasjon, eksternt samarbeid)
- Styring og administrasjon (læreplanarbeid, lov- og regelverk, personalleiing)
- Leiarroller (rolleforståing, makt- og lojalitetsspørsmål, samarbeid, konfliktar, motivasjon
Arbeidsform: Det vert mellomliggjande arbeid
knytt til eigen arbeidsplass
Eksamensform: Avsluttande prosjektoppgåve
Påmelding gjennom rektor til opplæringsavdelinga ved sissel.espe@s.no innan 1.mai
Frå haust 2011 vil ein så tilby vidare leiarutdanning i desse modulane:
- Utdanningspolitikk
- Organisasjonsteori
- Økonomi og jus i skulen
Detaljert studieplan vert sendt ut når vi har fått interesserte søkjarar. Stad for samlingane vert bestemt ut frå kvar deltakarane på studiet kjem frå. Kurs og vikarutgifter vert dekka av fylkeskommunen. Skulane dekkjer reiseog opphaldsutgifter.
Målgruppe: Pedagogisk personale og mellomleiarar. Studieplass vert tildelt etter kvalifikasjonar og intervju.