Klasse 1TPA som går VG1 Teknikk og Industiell Produksjon har i veke 12 vore utplassert ved forskjellige bedrifter i Årdal som Hydeq, BIS productionpartner ,Norsun, Impec og Hydro.
Klasse 1TPA som går VG1 Teknikk og Industiell Produksjon har vore ute i bedrift. Dette er ein god måte og få nyttig arbeidserfaring, samt sjå og prøve ut ting som me ikkje får vist dei i skulesamanheng. Dette er etter ønskje frå bedrifter og lærarar på TIP, med tanke på at elevane får meir innsyn i forskjellige yrker. Når elevane byrjar på VG2 Industriteknologi har dei erfaring dei kan bygge vidare på når dei der i tillegg får 6 veker ute i bedrift gjennom skuleåret. Elevane blir meir trygge på kva yrke dei skal søke som lærlingar.