Spennande på Haukeland
Sofie Andersen er i år åleine om å skulle ta helsefag-eksamen i sin klasse, så alternative undervisningsmåtar er derfor verdifullt å få med seg. 2 dagars studietur til Bergen med besøk på fleire avdelingar på Haukeland universitetssjukehus gav innsikt i eit omfattande…..

nettverk av helsetenester, som og kjem oss i Sogn og Fjordane til gode. Fordi me berre var to fekk me og komma inn i fleire av laboratoria på Mikrobiologisk avdeling , der ein undersøker biologisk materiale  frå heile landet for mikroorganismar.  Spennande å stå utanfor nest høgaste smittenivålab (P3)  i Noreg!  Det same var besøket på Barneklinikken.  På sjukepleiarhøgskulen fekk me inn i  øvingsromma til 180 studentar, og mellom anna to ekte skjelett som ein nytta til undervisning før i tida.  

Kjekt å utforska aktivitetane ved Bergen vitensenter (Vilvite), som har interaktive utstillingar med tema  ”Leik og spel” for tida.  Mykje der kunne relaterast til helsefaga, og passa både for små og store. Vellykka studietur !



Leiketerapien
Såpeboble
Såpeboblerom
Anatomi puslespel
Anatomitrening
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software