Klasse 2sta var i veke 10 på studietur til Berlin. Det var ein tur full av historiske inntrykk og sosial moro.
Tidleg tysdag 9.mars stod ein spent klasse 2sta utanfor Årdal vgs, endeleg var dagen komen og me skulle på tur!
Bussturane var mange og lange. Somme nytta dei til å henta inn manglande søvn, og når me tenker oss om, gjorde vel eigentleg alle det.
Frå Oslo til Kiel tur/retur reiste me med Color Magic. Dette var nok eit av høgdepunkta for mange. Her nytta dei fleste tida anten i treningsrom, på taxfree, i bar eller på casino. Nokre tok seg til og med råd til spa-behandling! For ein luksus!
Dei heldigaste fekk møta sjølvaste Sturla!
Programmet for turen var stramt, og det var mykje me skulle rekka. Det byrja med byrundtur i buss. Det var mange flotte bygningar å sjå, og klassen vart til ein gjeng fotografar. Byrundturen vara cirka ein time, og me avslutta den på Checkpoint Charlie og murmuseet.
Neste stopp på programmet var Sachsenhausen. Dette var eit av høgdepunkta på turen, og mange såg fram til dette besøket. Annika, guiden vår, fortalte og svara på spørsmål. Klassen fekk skryt for å vera ein interessert gjeng, og me sprengte tidsskjemaet hennar.
Me var alle blaute og svært kalde etter besøket i leiren, men me hadde ingen grunn til å klage med tanke på kva som faktisk hadde skjedd der.
På slutten av rundturen i Sachsenhausen samlast me ved minnesmerket til dei norske statsborgarane som hadde vore der. Me la ned roser, las dikt og hadde eitt minutt stillheit.
Så var det tid for stasi-fengselet. Har vart me møtt av ein engelsk guide. Han var utruleg flink, og alle følgte særs godt med. Me gjekk alle med frysningar på ryggen medan han stegvis fortalte oss korleis fangane hadde blitt behandla i dette fengselet.
Tekst og foto: Trude Laberg og Maiken Johnsgaard