|
Litteraturkviss (-quiz)
I samband med leseaksjonen som pågår fram mot jul, vert du invitert til å bli med på ein uhøgtideleg spørjekonkurranse.
Informasjon og reglar i høve litteraturkvissen:
* Kvissen vert skipa til i midttimen torsdag 11/12
* Det skal vera 3 på kvart lag
* Klassane kan stilla med så mange lag dei vil
* Lærarane kan stilla lag,- i eigen klasse
* Det er gratis å delta
* Det er derimot fine premiar å henta
* Kvissen vert delt inn i 6 kategoriar med 5 spørsmål i kvar. Gruppene er følgjande:
1) Kriminallitteratur
2) Bok>film
3) Teikneseriar
4) Songtekstar (vise-, pop-, rock-)
5) Ivar Aasen
6) Blanda drops
* Påmelding til Rolf innan onsdag 10/12
* Etterpåmelding kan godkjennast viss argumentasjonen er god!
|