Rekruttering i Sogn!
Avdeling for helsefag deltok i forrige veke på Kommunenes sentralforbund sin rekrutteringskonferanse for helsearbeidarfaget. Det trengs 40 000 nye årsverk fram mot 2030. Helsefagarbeidar er ein ny yrkestittel, bygd på det gamle hjelpepleiarfaget og omrsorgsarbeidarfaget. Til no har...

den nye utdanninga hatt relativt liten rekruttering, noko kommunane landet over er bekymra for. Fylkesmannen, fylkeskommunen og KS har derfor gjennom "Aksjon helsefagarbeidar" spreidd informasjon og fakta om yrket til elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Eit av tiltaka er høve til deltaking i NM for helsefag hausten 2010, og deretter deltaking i VM for yrkesfag i 2011. Sjå worldskills.no.  Årdal kommune og skulen vil samarbeida om å stilla lag til NM til hausten.

Eit anna tiltak er at det kun er helsefag som har fått rett til eitt år vidaregåande opplæring etter at lærlingetida er fullført. Dette gjev høve til å ta til dømes ambulansefag, barne- og ungdsomsrbeidar eller påbygging til høgskulestudium etter at læreperioden er fullført. Me vonar fleire får augene opp for eit utfordrande og viktig yrke der ein vert ettertrakta og kan forhandla om gode vilkår i åra framover. 



Luster_3
Luster_2
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software