Raudrussen 2010 takkar for seg
Då var våre tre år på Årdal vidaregåande over, og det er heilt utrulig kor fort tiden har gått. Tida vår her på skulen har gjeve oss mange positive opplevingar og gode minne, som me alle vil ta med oss vidare i livet

 

 

Saman har me opplevd mykje:

me har jobba med skuleavis,arrangert fleire juniordiskotek, skura og reingjort utebasseng, laga skuleaviser, vore på skuletur til Berlin, rocka Ayia Napa, vore russ, laga russerevy, russeavis og mykje meir .Det er utruleg kor mykje me har oppnådd og fått til saman, og alt i alt ser me stolte attende på vår tid på Årdal vidaregåande, trass i at mykje truleg kunne ha vorte gjort annleis også.

 

Me vil takke lærarar og andre tilsette ved skulen for å ha bidrege til å gjere desse tre åra så spesielle for oss.

 

Lærarane me har hatt har vore både gode venner og rettleiarar,og særlig vil me takke kontaktlærarane våre Nina, Vidar og Bjarne for den gode oppfølgjinga det siste året - de har vore heil supre, og me vil sakne dykk mykje.

 

 

Aasmund Olavsson Vinje sa det så fint - frå oss til dykk:

 

 

"Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,

for um eg søver, eg um deg drøymer.

Um nott og dag er du like nær,

og best eg ser deg når myrkt det er "

 

 

(blei du imponert/glad no,Bjarne ? )

 

 

Årdal vidaregåande har vore ein fantastisk stad å gå på skule, og til elevane i 3 STA 10/11-

bruk tida godt, det siste året går utrulig fort.

 

Tusen takk for oss !

Klem frå

Raudrussen   2010

 

 

Raudrussen 2010

 

Raudrussen 2010

 

 

 

 

 

 



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software