Me ønskjer elevar frå 9. klasse velkommen til Årdal vidaregåande skule
75 elevar frå ungdomskulen skal hospitere på skulen vår tysdag 16. og onsdag 17. mars.
Det er i samband med faget utdanningsval at elevane får hospitere ved skulen vår i 2 dagar. Dei skal gjere seg kjend med skulen vår, og kva opplæringstilbod me har. Elevane kjem frå Farnes skule, Tangen skule og Lærdalsøyri skule. Dei er fordelt på alle programområda ved skulen. Me ønskjer dei velkommen, og håpar dei får to lærerike dagar.