Ekskursjonen som 2ST hadde til Tyskland og Berlin i mars, baud på mykje meir enn vandring i den varme og kalde krigshistoria
Laurdag vart det ein tur til Potsdam. På køyreturen dit fekk me ein rundtur i den litt finare delen av Berlin. Her bur ambassadørar og anna fint folk. Dei kan smykke seg med villaer til over 10 millionar! I Potsdam besøkte me slotta Cesilienhof og Sans Souci.
Som sagt var det eit stramt program. Det neste som stod for tur, var fotballkamp. Hertha Berlin – FC mot Nürnberg. Me var så klart Hertha fans, likevel klarte dei å tape. Men det gjorde ingenting, me fekk nemleg sett slåsskamp og ”fans” gå berserk. Dette var verkeleg ei oppleving i seg sjølv!
Dei som ikkje hadde lyst å gå på kamp, fekk med seg opera. Dei såg ”Carmen” og var ekstremt fornøyde. For ein snasen gjeng!
Det var jo så klart ikkje berre historie og kultur på programmet. Me hadde også tid til mykje sosial samvær, -og ein god del shopping! Apropos shopping, gutane var dei som brukte mest pengar på turen!!
Om kveldane styrte me stort sett måltida sjølve, bortsett frå torsdag. Då tok me turen til Hard Rock Cafe. Der feira me at Kjære Ola blei 18 år! Hipp hipp hurra!
Turen har gjeve oss mange uforgløymelege stunder, og som klasse har me blitt særs samansveisa. Alle var flinke til å inkludera kvarandre, og som Monica og Rolf sa, me er den beste og snillaste klassen dei nokon sinne har vore på tur med! Dette fekk me også bekrefta av Anne Grethe Øvstetun, mor til Daniel, som var imponert over kor godt ungdommen oppfører seg.
Til slutt vil me takka oss sjølve for god dugnadsinnsats i året som var, Monica og Rolf som har disponert timar til oss så me har fått gjort klasseråd og skulen som let oss få reisa på denne turen, TUSEN TAKK!
Tekst og foto: Maiken Johnsgaard og Trude Laberg