Denne veka fekk Vg1 og Vg2 på Service og samferdsel besøk av 15 elevar frå 9. klasse på Farnes og Tangen Skule. Gjennom faget Utdanningsval skal dei gjera seg kjende med utdanningstilbodet i vidaregåande skule.
Tysdag 31. mars vart såleis elevtalet i klasserommet til Vg1 Service og samferdsel dobla. Vi valde å setja fokus på entreprenørskap denne dagen for å visa nokre av emna vi arbeider med i programfaga våre. Vi sette saman 6 grupper, kvar med deltakarar frå Tangen Skule, Farnes Skule og Årdal vidaregåande skule. Elevane arbeidde i desse gruppene heile dagen med praktiske øvingar og arbeid.
Programmet var slik:
- informasjon om utdanningsprogrammet og omvising
- entreprenørskap - kva er det?
- REAL-øvinga "Konstruksjonar"
- REAL-øvinga "Etablering av eiga verksemd"
- Refleksjon og premieutdeling
Gruppe 3 fekk premie for beste forretningsidé. The Weedwacker & Co AS presenterte planar om å utvikla ein robot for hagestell; eit kreativt og nyttig konsept no når våren nærmar seg.
Elevane frå grunnskulane gav oss gode tilbakemeldingar og såg ut til å trivast hjå oss. Vi takkar for besøket og ynskjer ungdommane velkomne att!

