Hovudmålet for turen var at elevane i 2SSA skulle få eit praktisk innblikk i dei tre programfaga "Marknadsføring og sal", "Tryggleik" og "Økonomi og Administrasjon". For å få dette til skulle dei besøke bemanningsbyrået Manpower og forvaltningsselskapet Entra Eiendom AS. Manpower er leigetakar i bygget som Entra Eiendom har bygd og forvaltar i midt i Bergen sentrum.
Lærerik tur til Bergen
Tysdagsmorgon den 09. mars møtte 2SSA opp klare til avreise med Knut Bordal og Geir Hansen til Bergen by. Etter ein roleg busstur var me spente på å besøkje Manpower. Me må seie Knut virka kjempe imponert over vektaren som hjelpte oss med parkeringa, for dette var jo innan for hans fagområde. Når me kom inn i den flotte resepsjonen til Manpower vart me tekne imot av to hyggelege og smilandes damer. Desse to har fått mykje skryt over væremåten sin. Så kom Anette Løland, som er salssjef i Manpower, ned i vestibylen for ta oss med på ein liten omvisning i bygget, som er eit av dei største kontorbygga i Bergen. Manpower har kontor i 12, 13 og 14 etasje. Me vart mållause når me såg den fantastiske utsikten dei hadde frå kontora deira.
Kari Aarbakke, som er regionssjef i Manpower haldt ein presentasjon om rekruttering, tilsetjing og om arbeidsmarknaden i endring. Det var veldig interessant og me fekk også vite korleis Manpower gjekk fram når det gjaldt dette. Etter ein liten pause og gode smoothies haldt Anette Løland ein presentasjon om marknadsplanlegging, seljarrollen, salsprosess og IKT i sal. Det var ei veldig lærerik oppleving og me fekk mykje kunnskap.
Etter me hadde sjekka inn på Thon Hotel Bryggen reiste heile gjengen på shopping, utan om Knut som heller ville ta seg ein middagslur og Geir som gjekk laus på McDonalds. Når alle pengane var lagt att hjå klesbutikkane og alt mogleg anna, reiste me tilbake på hotellet og slappa av før me skulle på bowling. Knut og Geir som var så sikre på seier, enda opp med å tape for Jardar. Av jentene var det Marie som stakk av med seier. Etter bowlinga, gjekk turen til Egon der me fekk oss eit sabla godt måltid.
Tidlig onsdagsmorgon besøkte me Entra Eiendom AS. Teknisk ansvarleg Oddmund Fintland ønskte velkommen i resepsjonen og tok oss med til møterommet. Der fekk me deilige bollar og brus. Han haldt presentasjon om adgangskontrollsystem og besøksprosedyre ved Entra Eiendom AS. Han snakka også om blant anna beredskapsplanlegging, brannvern og alarmsystem. Me fekk eit betre syn på vektarbransjen fordi dei framstilte det på ein interessant måte.
Etter ein koseleg tur der heile klassen var samla, utanom Heidi, reiste me fornøgde heim.
2SSA v/Mariann Kvalevåg Selland og Janne Bjørvik