Kva skal eg velgja på vidaregåande ?
I faget Utdanningsval skal elevar i 9. klasse få innsikt og erfaring med ulike utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. 16. og 17. mars var elevar frå Lærdal, Tangen og Øvre på hospitering ved Årdal vidaregaånde skule. Dei…..

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ulike studieretningane hadde førebudd undervisning og praktiske oppgåver som skal gje eit realistisk bilete av kva skulen tilbyr og kvardagen i vidaregåande skule.
 
På helse- og sosialfag fekk 11 jenter frå Lærdal og Øvre meir innsikt i kva denne linja kan tilby, og kva yrkesvegar ein kan gå med helse og sosial som utgangspunkt.
Undervisning i hjarte og karsjukdom, måling av puls og blodtrykk, sjukepleie med mating og sengereiing samt ta sitt eige blodsukker er prosedyrer dei fekk prøvd desse dagane.  Bruk av data og nettressursar til å lage eige lærestoff gjorde dei og med glans!  Godt samarbeid og ein svært flink og triveleg gjeng gjorde dette til to lærerike dagar, både for lærarar og elevar. Takk for besøket, me ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne attende!


Amman tek blodsukker
Ammal måler blodsukkeret !
Fra 9 klasse våren 2010
Natalie, Ammal, Jorunn, Kristine, Natinka, Anna, Marita, Linda, Ida Mathilde, Elin, Kirsti
Samarbeid blodsukker
Stikk i fingeren!
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software