Kva ynskjer du skal pryde veggane rundt om på skulen ?
No har du sjansen til å vere med- ikkje berre å bestemme kva , men sjølv delta
Me ynskjer at:
-alle tilsette og elevar kan levere inn bidrag til utsmykkinga .
- avgangselevar våren 2010 og kan delta på heile utsmykkingskonkurransen.
- alle kan vere med og stemme fram dei bileta dei likar best.
INNLEVERTE BIDRAG BLIR NUMMERERTE OG LAGDE UT PÅ FRONTER
Du gjev di stemme til dei tre bileta du likar best, du kan ikkje stemme på deg sjølv.
Alle fotoarbeida skal leverast som fil (jpg),
-Dei skal kunne forstørrast til 1x1m./70x100/ m.
Er du i tvil om kvaliteten ,så sjekk ut bilete du har lagra på pc-en din på for eksempel allkopi.no.
-Merk filene med tema og namn. Under juryeringa blir arbeida merkte med eit nummer fotografiet/grafen får tildelt- ikkje namn.
Max tre innleveringar pr.kategori.
Alle kan delta i alle kategoriar.
Det må gjerne vere personar i biletet, MEN berre i kulissane, OG tydelege personar må samtykkje.
Bileta skal vera tekne i 2010 og framover.
Etter innleveringsfristen har de 14 dagar til å stemme fram 2-4 bilete.
Bileta blir overførte til pleksiglas og på aluminiumsplater som gjev bileta eit flott uttrykk ; materialet tåler litt og kan lett haldast reint.
ARBEIDSGRUPPE
Det er oppretta ei arbeidsgruppa som til no har bestått av Henny Midtun og Reidun Vinda. Me vil ha med oss to pesonar til, ein/ei som har kunnskap i fototeknikk og fotomanipulering og ein/ei til plassering av ”gammal” og ny fotokunst.
Gruppa har som oppgåve å ta ut eitt bilete frå kvart tema ;dette kjem i tillegg til dei andre bileta som er stemte fram.
Me bestemmer storleiken på bileta utifrå veggen dei skal opp på.
Det er utan tvil noko av kunsten som ikkje kjem til sin rette.
Noko av dei eksisterande kunstverka blir flytta .Me ynskjer å framheve dei flotte arbeida som til dels er gjøymde , som keramikkutsmykkinga, ”FRAGMENTER AV LANDSKAP” og linosnittet, ” KVILE ”.
To- tre bilete skal smykke personalrommet, elles blir bileta fordelte i fyrste og andre etasje i alle korridorane.
Om det er interesse for det ,vil eg undervegs ( i lag med andre aktuelle )
vere tilgjengeleg på kveldstid .
Me kan møtast til felles fotobearbeiding ,utveksle tankar,idear og erfaringar.
Dette kan eg knyte opp mot OPEN SKULE / hybeltreff.
Spørsmål kan rettast til Henny Midtun / Reidun Vinda.
Lykke til !
Miljøkoordinator
Reidun Vinda