Tredjeplass i landsomfattande skrivekonkurranse
"Magasinett" er eit elektronisk tidsskrift, som nyleg skipa til skrivekonkurranse. I skarp konkurranse med ungdom frå heile landet fekk skulen vår ein flott 3.plass v/Marthe Vee!

Oppgåva i skrivekonkurransen var følgjande: "Du set deg ned foran datamaskina di, loggar deg på og opnar ein e-post - og med det blir heile livet ditt forandra. Kva skjedde?"

Marthe og medelevar i klasse 2ST og andre klassar deltok i skrivekonkurransen med kreativ innstilling, og på oppmoding valde Marthe å senda inn teksten til vurdering i "Magasinett".

Juryen seier m.a: "Veldig godt svar på oppgåva! Og ei fiks historie fortalt frå to vekslande synsvinklar,... Bygger fint opp mot ei overraskande avslutning...., .... ideen og komposisjonen er svært god.

Me gratulerer Marthe med innsatsen!

Gå inn på heimesida til "Magasinett", så kan du lesa novella Marthe har skrive, og dei andre vinnartekstane.

http://magasinett.no/



marthe
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software