Viktig informasjon til elevar som skal starte i 1. klasse til hausten 2013.Digital satsing 2013. Gjennomføring av ny ordning om kjøp av berbare datamaskiner for elevar på VG1.Informasjon til dei vidaregåande skulane:
Årdal vidaregåande skule. Vinnar av internasjonal veke 2012
Eit fantastisk arbeid av elevar og tilsette gjorde at vi vann internasjonal veke for 2012. Vi kjem attende med meir stoff om dette etter den 11. april. Då kjem representantar frå Oslo og delar ut premie for insatsen.
Onsdag 1.februar kan Margot og folkehelsegruppa friste med ei "grønare kantine" .De blir eit rikt utval i salatbaren med tilbehøyr til gode prisar denne dagen.
Frå veke 42 til 46 har klasse 1TPA , 2TPA frå TIP, og klasse 2 KPA Kjemiprosess vore ute i bedrift. Her har dei vore innom bedrifter som Impec, HMR Årdal, Hydeq, Hydro i Årdal / Høyanger (Karbon, Støyperi, Elektolyse) og Norsun. Faget prosjekt til fordjuping, knytt opp til lokale læreplanar er det elevane har fokus på i denne perioden. Elevane i klasse 2 KPA er ferdig med framføring frå perioden med godt resultat.
Utdanningsval, 10.klassingar på Teknikk og industriell Produksjon
I veke 44 hadde me besøk av 10.klassingar frå Farnes, Tangen og Lærdal. Her fekk dei prøve alt frå sveisemetodar til maskinering på verkstad. Eggekoking ved bruk av sveisebend på smia var ikkje planlagt men utruleg populært.
Klasse 2 TPA har vore på ekskursjon til Bergen og Mongstad. På Kavli A/S fekk elevane innblikk og forklaring på korleis utstyret fungerte ved dei ymse stasjonane ved produksjon.
Automasjonslinja ved Årdal vidaregåande skule skal i haust prøve å hevde seg i finalen i Nasjonal Skulekonkurranse i Automasjon (Yrkes-NM eller World Skills Norway)Konkurransen går over tre dagar under PEA-messa på Lillestrøm 27.-29. september.Det er i dag 11 elevar i 3AUA, som er 3.året ved automasjonslinja, og desse 11 vil i neste veke konkurrere om to plassar til konkurransen på Lillestrøm.
Resultatet frå skulevalet ved Årdal vidaregåande skule
Skulen har i dag hatt temadag med førebuing til valtorget i klassane. Ap, Frp, H, Krf, Sp og Sv deltok med stand på valtorget.Dagen vart avslutt med skuleval, der elevane stemde med røystesetlane for fylkestingsvalet.
Politisk dag ved Årdal vidaregåande skule. På grunn av terrorhandlingane i Oslo og massedrapet på Utøya 22.7 vert det ein del endringar i opplegget vi hadde planlagt i samband med kommune- og fylkestingsvalet.
Me ønskjer foreldre/ føresette velkommen til møte.Tid: tysdag 23/8 kl. 18.30 for vg1 klassane, og tysdag 13/ 9 kl 18.30 for vg2 klassane ( obs ny dato enn tidligare annonsert for vg2) Stad: i kantina på Årdal vgs.
I år er det kommunestyre- og fylkestingsvalg 12. september. Bruk stemmeretten din!Alle som har fylt 18 år, eller som fyller 18 år i løpet av 2011, kan stemme. Både norske statsborgere, nordiske statsborgere og andre utenlandske statsborgere kan stemme hvis de i tillegg oppfyller visse kriterier for botid i Norge, se www.valg.no.
Fagskulen i Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Årdal vidaregåande skule starta opp med ”Fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg” (tidlegare ”Vidareutdanning i eldreomsorg for helse- og sosialpersonell med vidaregåande opplæring”)