|
IKT Reglement for SFFK
IKT-reglement for elevar og tilsette i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane
§ 1 Virkeområde
Dette reglementet gjeld for elevar og tilsette som brukar skulen sine IKT-ressursar som PC-ar, nettverk, program og læringsplattform. Reglementet gjeld og bruk av andre sine IKT-ressursar når dei vert brukte i samband med skulen. Vi viser elles til felles skulereglement og etiske retningsliner for fylkeskommunen.
§ 2 Bruk av IKT-ressursar
Skulen sine IKT-ressursar skal brukast for å oppfylle skulen sine formål og læreplanmål. Ein må vere registrert som elev, lærling eller tilsett ved skulen eller ved ein annan skule i fylket for å få tildelt brukaridentitet og/eller tilgang til å bruke skulen sine IKT-ressursar. Rektor kan ved særskilde høve gi andre avgrensa tilgang.
Passordet skal haldast hemmeleg og skal berre brukast av deg. Ein skal ikkje prøve eller tilegne seg andre sin brukaridentitet eller passord, eller å la uvedkommande nytte din brukaridentitet.
Ein skal ikkje bruke IKT-utstyr i skulen på ein måte som opptar større ressursar enn naudsynt eller som strid mot opphavsrettslege høve. Ein skal heller ikkje nytte skulen sine IKT-ressursar til privat kommersiell verksemd eller til handlingar som krenkar grenser for sømeleg åtferd.
§ 3 Rettar og ansvar
Brukarar har krav på at personvern og integritet til eigne data ikkje vert krenka. Skulen vil kunne logge nettverksaktivitet, men skal ikkje lese innhald i private meldingar eller filer. Skulen vil ikkje utlevere loggar med mindre det vert pålagt av rettsvesen, gjennom dom eller lover.
Brukarar er ansvarlege for dei data som dei lagar eller handsamar på skulen. Skulen sine lokale og IKT-utstyr skal ikkje nyttast til å produsere, lagre eller distribuere nokre former for datainnhald som kan oppfattast krenkjande eller sårande eller som strid mot gjeldande lover og reglar.
Brukarane er sjølve ansvarlege for å ta sikkerheitskopi av eigne data dersom ikkje anna er avtala. Ved høve kan det krevjast at filer vert sletta frå sentrale lagringssystem. Dersom slikt pålegg om sletting ikkje vert følgt, kan naudsynt sletting gjerast av skulen sitt IKT-personell.
§ 4 Inngrep og sanksjonar
Skulen sitt driftspersonell har som oppgåve å sikre funksjonaliteten til IKT-systema. Dei kan utføre inngrep for å ta i vare funksjonalitet når dette er naudsynt. Ved slike inngrep skal bruker varslast så snart som praktisk muleg.
Brot på IKT-reglementet vil føre til sanksjonar. Skulen kan krevje at IKT-utstyr blir tatt ut av bruk dersom det ligg føre regelbrot eller for å sikre drifta av datasystem og nettverk. Skulen kan og innskrenke ein bruker sine rettar ved misbruk eller feilbruk.
Misbruk av IKT-utstyr eller andre brot på regelverk kan også føre til nedsett ordens- og/eller åtferdskarakter. Lovbrot vil bli meld.
§ 5 Ansvarsfråskriving
Skulen er ikkje ansvarleg for tap av data eller andre tap som skuldast svikt i interne eller eksterne IKT-tenester.
Skulen har ikkje noko ansvar for privat IKT-utstyr.
§ 6 Bruk av privat IKT-utstyr
Privat IKT-utstyr kan brukast i skulen sitt datanett, føresett at dei oppfyller visse minimumskrav til maskin- og programvare.
Skulen kan krevje at nokre program må være installert på private PC-ar før de kan brukast i skulen sitt datanett. Dette gjeld beskyttelsesprogram (som til dømes oppdaterte antivirus-program). Det kan og vere at det må installerast nødvendig programvare eller opplæringsprogram som eleven treng til læringsarbeidet.
Brukarar må sjølve ordne med teknisk support og service på private PC-ar. Skulen skal syte for strøm til lading i undervisingsrom og elles der PC vert nytta.
Det er ikkje tillate å bruke andre dataprogram eller utstyr enn det skulen si IKT-leiing godtar.
§ 7 Bruk av IKT under prøver og eksamen
Den enkelte elev er sjølv ansvarleg for at IKT-bruken under prøver og eksamen er i samsvar med tillatne hjelpemiddel, og at kommunikasjonsmoglegheit ikkje vert nytta utan at det er gitt særskilt løyve til det. Fusk eller forsøk på juks med IKT under prøver eller eksamen fører til bortvisning og nedsett ordens- og åtferdskarakter.
§ 8 Særlege reglar
For spesielle høve som ikkje er dekt av dette IKT-reglementet, har den enkelte institusjon høve til å vedta tilleggsreglar.
|
|
|
Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software |