Nye stortingsrepresentantar
Ikkje berre Utdanning & Yrke,men fleire interessante besøk var resultatet av oslo-ekskursjonen for 3AA. Prikken over i-en var rollespelet på Minitinget, der elevane avsette statsministeren!

Under den årlege ekskursjonen vel 3.klassingane ymse besøksstader utanom utdanningsmessa, og i år vart det Frelsesarmeen, Politihøgskulen, Høgskulen i Oslo og Nobels Fredssenter,-ja, for ikkje å gløyma møtet med karismatiske Desmund Tutu for dei som valde å vera publikummarar under "Senkveld". Nytt av året, og det som absolutt fenga elevane mest, var rollespelet på Minitinget; tre timars hardt politisk arbeid utan ein minutts pause!

Elevane gjennomlevde dei politiske prosessane på Stortinget frå A til Å, som  representantar for kvart sitt parti, Folkepartiet (AP), Tradisjonspartiet (H), uavhengigheitspartiet (FrP) og Økopartiet (SV/V), og medlemmar i kvar sin komite.

Dei 4 sakene som skulle debatterast, var følgjande: 1) ei lov som pålegg bønder å gjerda inn sauer, 2) eit forslag om lønn for elevar, 3) eit framlegg om å tvangsbusetja innvandrarar i eigne bustadsoner og 4) eit framlegg om å implantera biobrikkar i menneska.

Dette siste var framlagt av regjeringspartiet (Folkepartiet), og statsministeren stilte kabinettspørsmål. Etter hektisk politisk aktivitet vart framlegget nedstemt, og regjeringa gjekk av.

Før dette hadde elevane vore gjennom heile spekteret av politisk aktivitet, komite- og gruppemøte, spørjetime, pressekonferanse og lobbyverksemd. Dette var ei fagøkt med sus i, og bør vera obligatorisk på framtidige oslobesøk.

 

 Komitémedlemmar på pressekonferanse                                                                                                 Latter på Minitinget



Minitinget


Copyright © Årdal VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software