Årdal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag
Lærar og elevar jobbar på verkstad

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Elektrofag er eit yrkesfag, og Årdal vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Elektrofag

Kvifor skal du velgje elektro?

  • Det er godt miljø, lite fråvær og få som sluttar undervegs i utdanninga.
  • Programområdet er godt egna for både gutar og jenter.
  • Det er spennande arbeid, med varierte arbeidsmåtar.
  • Det er lite men godt miljø der alle elevar blir «sett».
  • Det er lite fråvær og få som sluttar undervegs i utdanninga.

Praktisk opplæring

Årdal vgs. har dyktige og engasjerte lærarar og ei linje som har eit breitt og godt samarbeid med elektro- og automasjonsbedrifter både lokalt og regionalt.

Me har samarbeidsavtalar med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar på koplingsbrett, modellar, instrumentbruk, databruk og laboratorieøvingar. Me nytter moderne teknisk utstyr i undervisninga, og har gode verkstader på skulen.

Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marit Røyrvik Eldegard

Administrativ leiar

Marit.Royrvik.Eldegard@sfj.no

576 38 402

Relaterte lenker