Årdal vidaregåande skule
Foto: Anita Laberg Øvstetun

Fra venstre: Jon Atle Rise, Anna Nesse, Oliver Karlsen Håre og Agnete Gjertsen Fagerlid

Farnes barneskule støttar Barnehjelp Afrika

Årdal vidaregåande skule driv med humanitært arbeid i provinsen Kwa Zulu Natal. Dette ligg i Eshowe i Sør Afrika. Skulen har skrive under ein samarbeidskontrakt med bedrifta Melås helse, og er ein del av den stifta foreininga Barnehjelp Afrika.

Gjennom skuleåret planlegger og gjennomfører elevane ulike arrangement, dugnadar og innsamlingar der pengane går til Barnehjelp Afrika.

I år fekk Årdal vgs ei hyggelig melding om at 1-7.klasse ved Farnes ville bli med å støtte Barnehjelp Afrika. Dette blei mottatt med stor takknemlegheit. Klassane kombinerte ein tur rundt Ytremoa med saft- og kakesal. På dette samla dei inn heile 6800 kr til Barnehjelp Afrika.

Oliver Karlsen Håre og Agnete Gjertsen Fagerli kom saman med to lærarar og møtte representantar frå Årdal vgs og overrekte pengane. Årdal vidaregåande set stor pris på jobben dei har gjort for Barnehjelp Afrika og ser fram til vidare samarbeid med Farnes skule.

 

Tips ein ven Skriv ut