Årdal vidaregåande skule
vgou9qmqq8chsbp2o6xi

Knut kåra til «årets entreprenørskapslærar» i Sogn og fjordane

Torsdag 6. oktober kom Ungt Entreprenørskap Sogn og fjordane til Årdal vidaregåande skule. Dei hadde opplegg med elevane angåande ungdomsbedrifter som elevane no er i gang med å stifte. Med seg hadde dei også prisen for årets entreprenørskapslærar i Sogn og fjordane. Denne prisen gjekk til Årdal vgs sin lærar, Knut Bordal. Knut viste ingenting om prisen på førehand og fekk seg ei stor overrasking då han fekk prisen.

Årdal vgs jobbar mykje med entreprenørskap. Mange av klassane startar sine eigne ungdomsbedrifter der dei styrer alt på eigahand. Dei får også mulegheit til å delta i konkurransar med bedrifta si. Knut har våre tre gonger på NM med ulike bedrifter frå Årdal vgs. Å starte ei ungdomsbedrift gjer at elevane lærer på ein heilt anna måte enn ellers og det er blitt ein viktig del av Årdal vgs.

Under kan du sjå intervju med Knut, samt applausen han fekk frå elevar og lærarar.

 

 

Tips ein ven Skriv ut