Årdal vidaregåande skule
Foto: Erik Edsberg

Lektor2-samarbeid med Hydro, Årdal metallverk og PMT, skuleåret 2017/2018

Årdal vidaregåande skule har hatt Lektor2-opplegg dette skuleåret med Hydro, Årdal metallverk og PMT som samarbeidspartnar.

I Lektor2-modellen «utviklar skulen og samarbeidspartnaren inspirerande og læreplanrettande undervisningsopplegg med fokus på anvendelse av realfag». For meir informasjon, sjå Om Lektor2.

Lektor2-oppdrag: 1STA naturfag

Den  27. november 2017 reiste 26 elevar i klasse 1STA til Hydro i Øvre Årdal. Representantar frå Hydro og PMT presenterte totalt fem ulike oppdrag for elevane, ga elevane omvising og rettleia dei i starten av arbeidet med oppdraga.

 

1STA på besøk hos Hydro. Foto: Erik Edsberg 2017

Lektor2-oppdrag klare for utdeling til elevane. Foto: Erik Edsberg 2017

Den 15. desember kom så representantar frå Hydro og PMT til Årdal vidaregåande skule for å høyre elevane presentera resultatet av etterarbeidet.

Lektor2-oppdrag på PMT: 3STA matematikk R2

Den 09. april 2018 reiste seks elevar i klasse 3STA til Hydro PMT i Øvre Årdal. Elevane hadde gjort forarbeid på eit praktisk problem med differensiallikningar innanfor aluminiumselektrolyse og presenterte dette. Deretter fekk elevane omvising på PMT før dei brukte resten av tida på eit undervisningsopplegg og samtale om datamaskinassistert matematikk.

 Seks elevar og lærar Erik Edsberg frå 3STA/matematikk R2 på besøk hos Hydro. Foto: Eirik Hjertenæs 2018

Vi takkar Hydro, Årdal metallverk og PMT for godt samarbeid!

Tips ein ven Skriv ut