Foto: Marit R

Russen med seksualundervisning

Russen haldt foredrag for alle elevar og lærarar i kantina.

Årets avgangskull er i gang med russetida. Russane ved Årdal vidaregåande skule starta russetiden med «russeveka». Denne går ut på at det er satt opp ein ting kvar dag som både elevar og lærarar må følgje. Måndag måtte alle gå med refleksvest eller hjelm på skulen, tysdag skulle alle gå med kleda sine på vranga og i dag, onsdag, skulle russen halda foredrag i kantina.

Utan å vete så mykje om korleis foredrag som skulle bli haldt, samla elevar og lærarar seg i kantina i friminuttet. Etter kvart forstod alle kva som skulle skje. Russen hadde bestemt seg for å ha seksualundervisning for alle på Årdal vidaregåande skule. Foredragshaldar, Jon Atle Rise, haldt eit godt foredrag. Det var fokus på både sikkerheit og oppførsel. Det vart blant anna forklart kva som er det tryggaste prevensjonsmiddelet. Med tanke på at kondom er det prevensjonsmiddelet som er mest sikkert mot seksuelt overførbare sjukdommar, så vart det demonstrasjon på korleis ein brukar kondom. Først demonstrert av foredragshaldar. Så fekk den som ville også lov til å prøve.

Eit godt foredrag og eit godt tiltak frå russen.

Tips ein ven Skriv ut