Foto: Linda Norheim

Undervisning via skype

Stengd veg - ingen problem

Ras og oppryddingsarbeid stoppar ikkje elevane og lærarane ved Årdal vidaregåande skule.

Som dei fleste har fått med seg har vegen inn til Årdal våre stengd i fleire dagar. Vegen er open for trafikk, men det er forsatt mykje arbeid som gjenstår. Fjellsida skal blant anna få eit sikringsnett som hindrar steinar i framtida. Dette arbeidet vil føre til stengd veg i periodar nesten kvar dag. Dette fører til at nokre elevar av og til kan få vanskar med å komme seg til skulen. Dette skjedde med ein elev i 2 AUA. Han hadde ein avtale som gjorde at han ikkje rakk å kome seg forbi stenginga tidsnok.  Heldigvis har me så flinke og kreative lærarar på Årdal vidaregåande skule, som gjer at elevane forsatt kan delta i undervisning sjølv om dei ikkje kjem seg til skulen. Under kan du lesa korleis:

 

Ein tannlegetime førte til at Johannes Hunderi i 2AUA ikkje kom seg på skulen før vegen stengde på fredag. Dette passa særs dårleg, da viktige oppgåver skulle løysast i timane, og Johannes (les: læraren hans) helst ikkje ville gå glipp av dette.

Heldigvis lever me i ei tid der elevane framleis kan delta i undervisninga, til trass for at naturkreftene prøver å hindre dei i dette. Johannes reiste like godt heim og logga seg på kommunikasjonsprogrammet Skype. Her kunne han ringe opp læraren sin, som med funksjonen «del skjerm» var i stand til å la Johannes både sjå og høyre det meste av det som skjedde i klasserommet og på tavla. Oppgåvene vart løyste både på Årdal vidaregåande og heime hjå familien Hunderi i Lærdal, og både lærar og elev kunne ta helg med god samvit.

Foto: Linda Norheim

Tips ein ven Skriv ut