Årdal vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Studiespesialisering
Elevar som jobbar

Studiespesialiserande programområde

Er du samarbeidsvillig, strukturert og likar å lese, skrive eller rekne? Er du interessert i kultur og samfunnsforhold så passar studiespesialiserande programområde godt for deg.

Studiespesialiserande programområde er fyrst og fremst meint for deg som ynskjer høgare utdanning etter vidaregåande. Etter å ha fullført tre år med generell (GENS) eller spesiell studiekompetanse, kan du søke opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular både i Norge og i utlandet. Enkelte studiar krev at du vel spesielle fag, og for mange studiar er det stor konkurranse om å koma inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt som avgjer om du får starte på det studiet du ønskjer.

Studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande tilbyr programområda realfag, språk, og samfunn og økonomi. Me gjev deg eit godt og triveleg læringsmiljø som førebur deg til vidare studium.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sonja Hestetun

Pedagogisk leiar

Sonja.Hestetun@sfj.no

576 38 403

Relaterte lenker