Årdal vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Teknikk og industriell produksjon
Elev som jobbar på verkstad

Foto: Årdal vgs

Teknikk og industriell produksjon (TIP)

Ønskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising, teknisk teikning i 3D, montering og reparasjon?

Då kan dette vere noko for deg.

Teknikk og industriell produksjon (Tip) er eit yrkesfag, og Årdal vidaregåande skule tilbyr slike kurs

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om Teknikk og industriell produksjon og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på Vilbli.no Teknikk og industriell produksjon

Kvifor skal du velgje Teknikk og industriell produksjon?

  • Det passar godt for deg som er kreativ og glad i praktisk arbeid.
  • Programområdet er godt egna for både gutar og jenter.
  • Faga inneheld både teori og praksis med vektlegging av praksis.
  • Det er bra læringsmiljø med godt utstyrte lokaler.
  • Det er lite men godt miljø der alle elevar blir «sett».
  • Det er lite fråvær og få som sluttar undervegs i utdanninga.
  • Det er spennande arbeid, med varierte arbeidsmåtar.

Praktisk opplæring

Årdal vgs. har dyktige og engasjerte lærarar, og skulen har eit breitt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet. 

Me har samarbeidsavtalar med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta. Me nytter moderne teknisk utstyr i undervisninga, og har gode verkstader på skulen.

Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marit Røyrvik Eldegard

Administrativ leiar

Marit.Royrvik.Eldegard@sfj.no

576 38 402

Relaterte lenker