Årdal vidaregåande skule
Foto: Jessica Smith

Vg2 Kjemiprosess

Garantert læreplass om du vel Vg2 kjemiprosess ved Årdal vidaregåande skule. Klikk deg inn for å sjå video om korleis det er å vere elev på kjemiprosess ved Årdal VGS.

Sjå video om korleis det er å vere elev på Vg2 kjemiprosess her:

videoårdal.jpg
Design og video: Jessica Smith Freelance Design

Går du på Vg1 teknikk og industriell produksjon bør du vurdere å søke fylkeslinja Vg2 kjemiprosess ved Årdal vidaregåande skule. Her er grunnane:

1. Mange spennande læreplassar hjå bedrifter som:

  • Hydro
  • NorSun
  • Equinor
  • Tine
  • Elkem

Det er faktisk så mange læreplassar at det dei siste åra ikkje har vore nok elevar til å fylle plassane. Personalansvarleg ved Hydro, Geir Nordnes, går så langt at han kan garantere læreplass til alle som fullfører vg2 kjemiprosess.

tabell1.png

 

 

Klikk på bildet for video om korleis det er å vere lærling i Equinor

bilde2.jpg

 

Klikk her for å lese meir om korleis det er å vere lærling i Equinor

 

Klikk på bilda for video om korleis det er å vere lærling i Hydro

hydrovideo.jpg​     hydrovideo2.jpg

 

Klikk her for å lese meir om å vere lærling i Hydro

 

tabellrett1.jpg

tabellrett2.jpg

2. Gode moglegheiter for sikker jobb etter læretida

Industrien treng arbeidskraft i åra framover, og med fagbrev vil ein vere kvalifisert til mange spennande jobbar.

tabellen5.jpg

 

Prosessoperatør/prosessteknikar eller laborant.

Bransjar:

  • Farmasøytisk industri
  • Petrokjemisk industri
  • bioteknologisk industri
  • Næringsmiddelindustri (brus, øl, mat osb.)
  • Kjemisk industri
  • Bergindustri
  • Metallindustri

 

3. Godt læringsmiljø ved Årdal vidaregåande skule

Skulen tilbyr ein kombinasjon av praktisk og teoretisk undervisning med 6 veker utplasseing og fleire bedriftsbesøk rundt om i fylket. Ein kan vere utplassert hjå bedrifter som:

  • Hydro Aluminium
  • Statoil Mongstad
  • Hansa bryggerier
  • Årdal kommune
  • Tine i Byrkjelo
  • Lerum industrier
  • NorSun

 

4. Godt hybelmiljø og gode fritidsaktivitetar

Rundt 40 av dei 200 elevane ved Årdal vidaregåande skule er hybelbuarar. Skulen hjelper til med å finne passande hybel, og det blir arrangert fleire sosiale aktivitetar for elevar i løpet av året. Miljøkoordinatoren ved skulen er sentral i dette arbeidet. Det er også mange moglegheiter innan idrett, kultur, musikk og fritidsaktivitetar i Årdal.
Etter å ja gått Vg2 kjemiprosess kan du ta fagbrev som prosessoperatør/prosessteknikar eller som laborant. Du treng ikkje spesielle forkunnskapar i kjemi for å gå kjemiprosess. Du lærer det du treng på skulen og kan bli prosessoperatør.

 

 

Opplæringa delast inn i

  • Fellesfag, 9 timar pr. veke
  • Programfag, 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping, 9 timar pr. veke

Programfag

  • Dokumentasjon og kvalitet, 5 t 
  • Kjemisk teknologi, 6 t
  • Produksjon og vedlikehald, 6 t

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 t
  • Engelsk, 2 t
  • Norsk, 2 t
  • Kroppsøving, 2 t

Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Yff skal blant anna gi deg eit godt grunnlag for å velje lærefag og ein mulegheit for å knytte kontakt mot potensielle lærebedrifter. På Årdal vgs får du 6 veker yrkespraksis, og du kan velje blant anna mellom desse bedriftene:  Hydro Aluminium Årdal, Norsun Årdal, Statoil Mongstad, Elkem Svelgen.

Me legg til rette slik at du kan ha yrkespraksis i ei bedrift nær heimstaden din, dersom det er ønskjeleg.

Elles nyttar ein YFF til

  • bedriftsbesøk
  • arbeid på verkstad
  • fordjuping innan ulike deler av fagområdet.

Les meir om kjemiprosess på Vilbli.no Kjemiprosess

 

 

Tips ein ven Skriv ut