Nr 4 frå venstre: Adrian Merkesdal, Kylian Mekke, Alexander Prestegård og Jon Atle Rise

Nr 4 frå venstre: Adrian Merkesdal, Kylian Mekke, Alexander Prestegård og Jon Atle Rise

2 AUA vidare til den nasjonale innovasjonscampen i Trondheim

Ein delt første plass sendte laget frå Årdal vidaregåande skule vidare til den internasjonale innovasjonscampen i Trondheim.

Ideen om "postvogna" sendte Jon Atle Rise, Kylian Mekke, Adrian Merkesdal og Alexander Prestegård vidare til den nasjonale innovasjonscampen i Trondheim. Den går av stabelen 13.-15 februar 2017.

Innovasjonscampen "energi for framtida" går ut på å gi elevane utfordringar innan fornybar energi. Desse utfordringane må elevane løyse iløpet av ein skuledag.

Under kan du lese kva løysning 2AUA hadde på oppgåva, og som sendte dei vidare til den nasjonale innovasjonscampen.

Post Vogna

Energi for framtida prosjektet vår gjekk utifrå oppgåva å endre den maritime måten å transportere gods og folk på sjøen på ein inoativ måte.

Vår løysing på denne oppgåva var å gå vekk ifrå den normale måten å tenke på ved at maritim frakt skal vere båtar, vi tenkje at maritim transport kan vere under hav overflata, i røyr. Desse røyra skal gå under sjøoverflata, frå nord til sør. Her tenkjer vi at det skal vere tilgong til dette langs heile kysten. Inni desse røra skal det gå ein sylinder som leviterar rundt inni røret ved hjelp av permanet magnetar. Akslerasjonen skal skje ved hjelp av magnetar og ein vil kunne nå ei topp fart på 1000 km/t. Då vil det ta ca 15 min Sogndal – Florø og ca 20 min Sogndal – Bergen.

Røyra som Post Vogna går i vil enkelte plassar bli plasser nede på havboten og andre plassar flyte under havoverflata, dermed skjerma for vær og vind. Post Vogna vil og vere trykksett sånn at det ikkje vil vere noko probelm om den er 20 eller 100 meter under havoverflata for dei som er inni. Med Post Vogna vil ein dermed kunne til dømes bu i Årdal og jobbe i Bergen. Ein vil spar mykje tid og energi ved å bruke Post Vogna i staden for fly, buss, båt eller bil.