skulen001

IKT lærlingar

IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ta inn IKT lærlingar.

Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan vi tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har til ei kvar tid ca. 15 lærlingar i staben. I år skal vi ta inn inntil 9 nye lærlingar.

IKT drifts- og utviklingstenesta leverer ikt-tenester til ca. 1400 tilsette og 4500 elevar i fylkeskommunen og har arbeidsoppgåver som drift, utvikling og brukarhjelp knytt til tenester innan server, applikasjon, datanettverk, klientutstyr og samhandlingsløysingar.

Dei ni lærling-plassane vert tildelt på følgjande lokasjonar:

  • Årdal vidaregåande skule, Øvre Årdal 
  • Sogndal vidaregåande skule, Sogndal 
  • Høyanger vidaregåande skule, Høyanger 
  • Dale vidaregåande skule, Dale 
  • Firda vidaregåande skule, Sandane 
  • Stryn vidaregåande skule, Stryn 
  • Måløy vidaregåande skule, Måløy 
  • Hafstad/ Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde 
  • Fylkeshuset, Leikanger


Oppstart vert medio august 2018. 

 

For å komme til stillingsannonsa og søknad, trykk her.

Tips ein ven Skriv ut