Foto av hovudbygningen på Harastølen i Luster.
Foto av hovudbygningen på Harastølen i Luster.

Hovudbygningen på Harastølen er teikna av bergensarkitekten Adolph Fischer og stod ferdig i 1902. Foto: Endre Høgalmen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fire millionar kroner til Harastølen

Hovudutval for næring og kultur har løyvd fire millionar kroner til istandsetjingstiltak for å ta vare på kulturhistoriske verdiar på Harastølen/Lyster sanatorium.

Tilskotet skal nyttast til istandsetjing av

  • interiør i hovudbygget
  • eksteriør til ni av dei andre bygningane i anlegget, mellom anna kapellet og taubanestasjonen
  • hageanlegget

Hovudutvalet løyvde tilskotet til Harastølen AS, som igjen er eigd av Tinfos AS, 30. april.


Foto av reservelegebustaden på Harastølen i Luster.
Reservelegebustaden på Harastølen er eitt av bygga som no får pengar til istandsetjing. Bustaden er teikna av bergensarkitekten Ole Landmark. (Foto: Arlen Bidne)

Hotellplanar

Ei investorgruppe leia av Terje Svindland arbeider saman med Tinfos AS om å setje bygningane i stand for å starte hotell på staden. Bevaring av dei kulturhistoriske verdiane i anlegget er ein viktig del av konseptet for den vidare drifta. Tidlegare har både Tinfos AS, Luster kommune og Norsk kulturminnefond gått inn med midlar i prosjektet.

Harastølen har stått til forfall i mange år, og det er eit stort arbeid som skal gjerast for å setje bygningsmassen i stand slik at han kan nyttast til hotelldrift.

Realistisk prosjekt

Det er mange som har hatt planar og idear for Harastølen utan at det har vorte noko av dei. Fylkesdirektøren for næring og kultur ser difor svært positivt på at det no er laga eit realistisk prosjekt for istandsetjing og bruk av Harastølen.

Tidlegare har både Tinfos AS og Norsk kulturminnefond gått inn med midlar i prosjektet, i tillegg har Luster kommune løyvd 5 mill. kr til opprusting av vegen opp til Harastølen.

Harastølen, tidlegare Lyster sanatorium, er ein bygning som betyr mykje for mange på Vestlandet. I ei tid der mange vart ramma av tuberkulosen, var det å kome til Lyster sanatorium ofte den einaste moglegheita ein hadde til å overleve. Framleis kjenner mange seg kjenner knytte til plassen, anten fordi dei har vore pasientar der, eller fordi dei har familie eller kjenningar som var der.

Les heile den politiske saka om Harastølen her.

Les heile vedtaket frå møtet i hovudutval for næring og kultur 30. april 2019.

Om Lyster sanatorium/Harastølen

Bakgrunnen for bygginga av Lyster sanatorium var den store utbreiinga av tuberkulose. På slutten av 1800-talet var det forholdsvis få plassar der ein kunne få god behandling, og i 1896 bestemte St. Jørgens stiftelse seg for å bygge eit tuberkulosesjukehus. Fleire plasseringar av sjukehuset vart vurderte, men til slutt vart sjukehuset bygd i Fuhr-skogen i Luster.

Stort anlegg

Første byggetrinn, med hovudbygningen teikna av bergensarkitekten Adolph Fischer, stod ferdig i 1902, og ein tok då i mot dei første pasientane. Anlegget bestod av ei rekke ulike bygningar då det opna. I tillegg til sjølve sjukehusbygningen var det mellom anna bygd kraftstasjon, vaskeri og taubane. Anlegget vart vidare utbygd heile tida det var sjukehusdrift. I dag består anlegget av om lag 20 ulike bygningar med svært ulik funksjon og storleik. Felles for alle bygningane er at dei alle var viktige for drifta av sjukehuset og behandlinga av pasientane.

Eige samfunn

Frå dampskipskaia i Luster gjekk det ei elektrisk taubane opp til sanatoriet. Ein sju kilometer lang veg med tretten hårnålssvingar vart også bygt opp til anlegget. Det var eit eige samfunn der oppe med mellom anna kraftverk, overlegebustad, reservelegebustad, søsterbustad, familiebustadar, kapell, postopneri, vaskeri, uthus og stall. Biblioteket hadde 17 000 titlar, og i hovudbygningen var det eine fellesrommet utstyrt med filmvisningsutstyr slik at ein kunne syne film til pasientane. Hageanlegget var også ein viktig del av sanatoriet, både som del av behandlinga og som bidrag til kosthaldet på sjukehuset.

Psykiatri og asylmottak

Lyster sanatorium gav god behandling til pasientane og for mange var det å kome hit den sjansen dei hadde til å overleve tuberkulosen. Etter kvart som ein utover 1950-talet fekk betre behandlingsmetodar og vaksine mot sjukdomen sank pasienttalet kraftig. I 1958 vart sjukehusdrifta lagt ned, då det ikkje lenger var behov for Lyster sanatorium som spesialsjukehus. Bygningane vart no tilpassa ei ny pasient gruppe, og i 1959 starta Sogn og Fjordane fylke opp ein psykiatrisk sjukeheim i anlegget. Fylkeskommunen drifta denne fram til 1991. I 1992 vart anlegget brukt som asylmottak ei kort tid, før det vart nedlagt. Anlegget har ikkje vore brukt etter dette.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut