exhnk 6au 66
exhnk 6au 66

Foto: Siw Heidi Bäckström

Fylkeskommunen får midlar til å kartleggje fiskeplassar

75 000 kr i tilskot frå Kartverket sikrar at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kartlegge tilgjengelegheita til fiskeplassar ved fleire av dei større fiskevatna i fylket.

– Fiske er ein aktivitet som kan passe godt for alle, også menneske med nedsett funksjonsevne. Men for at dei skal ha mogelegheit til å nytte seg av ein fiskeplass, må denne vere tilgjengeleg og tilrettelagd, seier førstekonsulent i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Frank Tore Farsund Tveit.

– Vi ønskjer i første omgang å finne ut av kor lett tilgjengelege desse fiskeplassane er per i dag, men vi vil i tillegg peike på kva som eventuelt kan gjerast for å betre tilgjenget, legg han til.

Blir lasta opp til nett

Fiskeplassar ved desse vatna ligg førebels inne i planane:

  • Hornindalsvatnet
  • Oppstrynvatnet
  • Skramsvatnet
  • Storevatnet
  • Bekkjavatnet
  • Jølstravatnet
  • Holsavatnet
  • Viksdalsvatnet
  • Breimsvatnet
  • Dalavatnet
  • Hafslovatnet

Kartleggingane blir gjort i løpet av sommaren og lasta opp til www.norgeskart.no og www.fylkesatlas.no. Til hausten kjem også ein rapport som vert tilgjengeleg for ålmenta.

Del av nasjonalt tilgjengeprosjekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare fått midlar til å gjennomføre kartleggingar av tilgjenge på sentrumsnære turvegar, badeplassar og i skianlegg, og no står altså fiskeplassar for tur.

Arbeidet er gjort i regi av Kartverket sitt tilgjengelegheitsprosjekt. Målet med prosjektet er å lage ein database og eit kartlag som gjev status for tilgjengelegheit i tettstadar og friluftsområde i Noreg.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut