d 748brmvdn
d 748brmvdn

Foto: David Zadig

Korleis skal vi forvalte vatnet i Vestland?

Regional plan for vassforvaltning skal oppdaterast. Fleire dokument er lagde ut på høyring, og dei blir tema for høyringskonferansen i Førde 23. mai.

Vassregion Sogn og Fjordane blir slegen saman med vassregion Hordaland til Vassregion Vestland frå 1. januar 2020. Det betyr at planen for 2022–2027 handlar om korleis vi skal forvalte vatnet i Vestland.

Tre dokument er lagde ut til høyring med høyringsfrist 30. juni 2019. På høyringskonferansen i Førde blir det nærare informasjon om kva som er tenkt med planen. Det blir gruppedialog om viktige tema, og det blir lagt vekt på kva som er hovudutfordringane og trendane i vassregionen og vassområdet.

Det blir korte innlegg frå Fylkesmannen i Vestland, Norges vassdrags- og energidirektorat, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket og kommunane.

Du finn meir informasjon om høyringa og alle høyringsdokumenta på vassportalen.

Målgruppene for konferansen er regional referansegruppe, lokale referansegrupper, vassregionutvalet, vassområdeutvalet og generelt alle som er interesserte i temaet.

Fullstendig program for konferansen

Meld deg på høyringskonferansen

For meir informasjon

Merete Farstad
seniorrådgjevar
merete.farstad@sfj.no
977 42 381

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut