Foto av dagsturhytta på Vinjaåsen i Aurland, med utsikt mot Aurlandsfjorden, der eit cruiseskip kjem rundt neset.
Foto av dagsturhytta på Vinjaåsen i Aurland, med utsikt mot Aurlandsfjorden, der eit cruiseskip kjem rundt neset.

Dagsturhyttene er døme på eit prosjekt i Sogn og Fjordane som har blitt realisert delvis ved hjelp av spelemidlar. Her frå Vinjaåsenhytta i Aurland, som opna 9. mai 2019. Foto: Jan Christian Jerving

Vi får 74 millionar i spelemidlar

Kulturdepartementet har no fordelt spelemidlane for 2019. Sogn og Fjordane får i år 14 millionar kroner meir enn i fjor.

– Dette er heilt fantastisk! Igjen set vi ein solid rekord, men dette var meir enn vi hadde tort å håpe på, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Atle Skrede.

Målretta satsing

Sogn og Fjordane er på åttandeplass på lista over tildelingar, og vi er det nest minste fylket. Det seier noko om den veldige satsinga på idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg som går føre seg her i fylket.

Det blir gjort ein stor jobb av kommunane, lag og organisasjonar. Og fylkeskommunen har jobba målretta for å auke engasjement og kompetanse.

Auke med 20 millionar frå 2017

– Det er gledeleg å sjå at det nyttar. Dette er pengar som kjem innbyggjarane våre til gode i form av til dømes fleirbrukshallar, symjehallar, turvegar og ikkje minst dagsturhyttene, seier Skrede på veg heim frå opninga av dagsturhytta på Moakamben i Årdal.

Sogn og Fjordane fekk 54 millionar i spelemidlar i 2017 og 60 millionar i 2018.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut