Illustrasjonsfoto

Årdal vgs tilbyr e-sport som programfag

Skuleåret 2021/2022 vil Årdal vidaregåande skule tilby E-sport som programfag på VG1 studiespesialiserande. Ilag med Årdal E-sport er det laga til ei prøveordning til elevane som startar på denne linja.

E-sport er ein av dei raskast veksande idrettane i landet for tida. Det er heilt klart eit fokusområde å satsa på.

Faget vil bli tilbydd som eit 5 timarsfag. Det vil sei at dei skal ha fem undervisningstimar i veka. To av desse timane vil skje på skulen i form av undervisning i helse og fysisk aktivitet. Det er viktig å få frå viktigheita med fysisk fostring som ein del av e-sport.  

Dei tre siste timane vil finne stad på det nye klubblokalet til Årdal e-sport. Då vil fokuset vera knytt til spel og strategi, men det vil også vera fokus på helse og livsstil knytt til e-sport og spel.

Årdal e-sport har nyoppussa lokal. Det er kome toppmoderne pc-ar og utstyr til dataspel. Det er også lagt opp til diverse andre aktivitetar i lokala til klubben. Dei har både bordtennis, dart, fusball og air-hockey.

 

Årdal vidaregåande skule blir ein av dei fyrste skulane i Vestland fylke som tilbyr e-sport som programfag.