Årdal vidaregåande skule
Foto: Catrine Jevnaker

Foto: Catrine Jevnaker

Balldag 2016

Tysdag 20.12 vart den årlege balldagen ved Årdal vidaregåande skule arrangert. Her skulle det konkurrerast i fotball, innebandy og volleyball.

Dagen starta med fotball. Mange gjevne kampar vart spelt. Dette resulterte i to spennandes finalar. Jentefinalen gjekk mellom 2STA 1 og 2STA 2. 2STA 2 kom godt igang og leda 2-0. Det andre laget lot seg ikkje dette nedpå og henta seg inn igjen. Når sluttsignalet gjekk viste tavla 2-2. Finalen måtte avgjerast ved straffekonkurranse. Her viste 2STA 1 at dei var sikre frå straffemerket og stakk av med sigeren.

Som forventa blei også gutefinalen like spennande. Denne finalen gjekk mellom 3STA og 1STA. Ein kamp som også holdt på å gå til straffekonkurranse, men med 30 sekund igjen på klokka putta Nicolai Laberg ballen i nettet. 1STA stakk av me seieren og kunne juble for å ha vunne fotballfinalen på sin første balldag.

Når fotballfinalane var over vart bana rigga om til ei innebandybane og to volleyballbaner. Mange lag imponerte både i bandy og volleyball. Tilslutt var det 3PÅA som tok seieren i volleyball og 2STA som tok seieren i innebandy.

Alt i alt ein utruleg kjekk dag for alle på Årdal vidaregåande skule. Me gler oss allereie til neste gong.

IMG_9306.jpg

IMG_9314.jpg

IMG_9340.jpg

IMG_9345.jpg