Årdal vidaregåande skule
Foto: Privat

Balldag 2017

I år som i alle andre år vart det også arrangert balldag på Årdal vidaregåande skule.

I år som alltid arrangera Årdal vgs balldag som ein juleavsluttning. Alle elevar møter opp for å få ein sosial og kjekk dag med ballspel. 2STA stiller også med kiosk og lærarane utfordrar til ulike konkurransar med flotte premiar.

Gutane i 2STA tykkjer at balldagen er eit bra tiltak, årets dag, og dei ønskjer fleire slike dagar i året. Dei påstår og at utan balldagen hadde dei ikkje fullført skulen. dei deltek i alle sportane med så mange lag som mogleg. Men dei saknar handball og basketball.  Dei har store forhåpningar for dagen og laget sitt. Fryktar kun seg sjølve og håpar på 1.plass i alle sportane.

Dame lærarane er også med! Dei synest det alltid er kjekt med balldag for da veit ein at det snart er jul. Det er kjekt å møte elevar på andre måtar. Damene deltak sjølvsagt på alle sportane. Og dette tek dei svært seriøst, ”me leika ikkje, blodig alvor”. Satsar på å vinna sjølv om dei blir sletne etter fyste kamp. Dei vil og skryta over elevane som skapar god stemning og lagar liv på tribuna, gode støttespelarar.

 

Foto: Privat

Lærlingane tykkjer det er bra at dei får moglegheit til å bli med. Det er eit flott tiltak og dei slepp jobb. Dei delar på alle sportar og har sjølvsagt håp om vinne. Største motstandar er lærarane eller 2STA gutane.

Gutane i 2AUA tykkjer det er eit flott tiltak grunna mindre skule. Dei deltar i volleyball men saknar handball. Dei satsar på å vinne fyste kamp deretter tar dei dagen som den kjem. Deira største motstandar er 3AUA.

Påbygg jentene tykkjer det er ein dag med mykje venting om du kun deltek i ein sport eller er skada. Dei tykkjer og at det er få kampar per lag. Dessa saknar også handball. Men dei tykkjer det er kjekt å sjå ungdommen i aktivitet, og har trua på at 4PÅA vinner.

Nokre av tilskodarane tykkjer det er veldig bra fordi me blir samla på ein anna måte enn vanlig skule. Dei største motstandarane er lærarane fordi dei er ganske gode, ”folk undervurdera dei!”.

Nokre meina det er heilt ok, og saknar pingpong som ein sport. Desse trur og at 3AUA er deira største motstandar

Alt i alt er denne dagen eit bra tiltak for å skape eit godt sosialt fellesskap, og dei fleste tykkjer det er kjekt å gjere noko anna enn teori.

Foto: PrivatFoto: Privat