Afrikanske born i uniform

Barnehjelp Afrika

Elevane ved Årdal vidareågande skule har samla inn kroner 72 000 til Barnehjelp Afrika

Årdal vidaregåande skule driv for tida  med humanitært arbeid i provinsen Kwa Zulu Natal,  Eshowe i Sør Afrika. Skulen har skrive under ein samarbeidskontrakt med bedrifta Melås helse,  og er ein del av den nyleg stifta foreininga Barnehjelp Afrika.

Foreininga sitt mål er å driva humanitært arbeid knytt til barnehagar/skular i området.

 

Årdal vidaregande skule har ein arbeidskomité sett saman av 2 lærarar, rektor og elevrepresentantar frå kvar klasse på skulen vår. Elevane planlegger og gjennomfører ulike arrangement, dugnader og innsamling i løpet av skuleåret, der pengane vil gå til eit konkret humanitært prosjekt på ein av skulane i Eshowe.