Eirik og Endre. Foto: Sonja Hestetun

Eirik og Endre. Foto: Sonja Hestetun Picasa

Besøk av tidlegare elevar

19.12 hadde elevane på VG3 studiespesialiserande og påbygg besøk av tilegare elevar som no er studentar. Line Røneid Hagen, Kristin Jevnaker Øvstetun, Sunniva Øvstetun, Endre Kauppi Straumsheim, Marte Ride, Eirik Rode og Mari Henanger var dei som tok turen til Årdal VGS denne dagen.

Dei delte erfaringane og fortalte om korleis det er å vera student i Bergen eller Oslo, korleis det er å skaffa seg hybel, det sosiale livet som student, lesesalen og eksamenslesing. Kort sagt var det mange tema som vart omtala.

Det var ein triveleg time som elevane hadde stort utbytte av. Dei kunne spørje om alt som det ikkje står noko om på nettsidene. Studentane gir uttrykk for at dei tykkjer det er kjekt å koma tilbake til «gamle» skulen sin og me set umåteleg pris på at dei ofrar litt av førjulstida på oss.

Kristin Ø.jpg

Mari Henanger.jpg

Marte.jpg

Sunniva og Line.jpg