Årdal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek
Bøker i hyller på biblioteket

Biblioteket

Opningstider

Frå torsdag 24.august til fredag 8. september er skulebiblioteket bemanna kvar skuledag frå 08.00 - 12.00.

Frå og med veke 37 vil skulebiblioteket vere bemanna onsdagar frå 08.00 - 12.00.

Skulebiblioteket er elles ope i heile skuletiden.

Treng du hjelp utanom den bemanna tida tek du kontakt med Årdal bibliotek:
E-post : bibliotek@ardal.kommune.no , eller tlf: 46 91 56 47.

 

Reglement

Læremidlar har lånetid 1 skuleår, andre bøker har lånetid på 4 veker. Du er erstatningspliktig for det du låner så ta godt vare på bøkene dine. I skulebiblioteket er det rom for alle, der tek me hensyn, held det ryddig og har det triveleg saman.

Tilbod

I tillegg til læremidlar har skulebiblioteket eit godt utval bøker i fleire sjangrar. Me har og eigen seksjon med bøker på nynorsk og bøker med forfattarar eller tema frå Sogn og fjordane. Det er fleire stadar i biblioteket ein kan sitte å arbeide, både åleine og i grupper. Me kan og hjelpe til med å skaffe bøker til særemne, eller den spesielle boka du berre brenn etter å lese.

Søk i biblioteket sine katalogar:

Her er link til at du kan søke i skulebiblioteket sin katalog: Skulebiblioteket sin katalog 

Her er link til at du kan søke i Årdal bibliotek sin katalog: Årdal bibliotek sin katalog

 

20160203_093428_1024x384.jpg

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

skulebiblioteket bibardvg@sfj.no

bibliotek@ardal.kommune.no

folkebiblioteket 469 15 647

Biblioteksjef Gry Hatlelid

Relaterte lenker