Årdal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/VG1/Breiddeidrett 1

Breiddeidrett 1

Årdal vgs tilbyr programfaget Breiddeidrett 1 i tillegg til dei ordinære timane på Vg1 studiespesialiserande, skuleåret 2017-18

Dersom du ynskjer høve til eigenutvikling gjennom brei og allsidig aktivitets- og idrettserfaring, kan du no velje deg faget Breiddeidrett 1. Faget egnar seg for fleire typar elevar. For nokre kan det vera å prestere betre i idretten sin, for andre kan det vere ein arena for fysisk aktivitet. Faget har fokus på sosiale ferdigheiter og er eit viktig bidrag til å forstå samanhengen mellom fysisk aktivitet og god helse.

Programfaget vert lagt ut som 5 timars fag, der tre av desse timane vert haldne i skuletida, og er lagt inn i timeplanen til vg1 studie. Dei resterande to timane (75 årstimar) skal vera ein del av treningsaktiviteten til eleven etter skuletid. Det vil vere idrettslaga IL Jotun og Åtil som har ansvar for å følgje opp desse timane. Eleven skal loggføre treninga i eiga treningsdagbok, godkjent av trenar.

Eleven skal ha vurdering og standpunktkarakter i faget, og kan bli trekt ut til ein praktisk-munnleg eksamen som vert utarbeidd og sensurert lokalt. Faglærarane Anne Bjørg Dalheim og Nina Jevnaker skal ha ansvar for innhaldet og vurderinga i samarbeid med eksterne trenarar.

Eleven vert vurdert opp mot kompetansemåla i faget ved å vise kunnskapar, ferdigheitar og utvikling på treningsøkter og testar.

 

Kompetansemål i Breiddeidrett 1

Idrettsaktivitetar - Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • Demonstrere ferdigheiter i minst ein lagidrett og ein idividuell idrettsaktivitet
  • Bruke reglar og normer innan dei valte idrettane
  • Gjennomføre ulike leikeaktivitetar
  • Gjennomføre rytmiske aktivitetar til musikk
  • Vise evne til forpliktande samarbeid og fairplay

Basistrening - Mål for opplæringa er at elevn skal kunne:

  • Gjennomføre trening og fysiske, psykiske og koordinerte eigenskapar
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere basistreningsøkter

Fysisk aktivitet og helse - Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • Gjennomføre helsefremmande trening og trening som kan førebygge skade
  • Forklare korleis ulike treningsformer påverkar hjerte- og karsystemet og muskel- og skjelettsystemet
Tips ein ven Skriv ut